mandag 22. februar 2010

kirkegang

Dagen byrja med alt for kjapp pakking i og med bussen til Phnom Penh var komen og me var seint ute! bussturen varte i 5 timar(ish) og i Phnom Penh vart me henta av to sote jenter i tuktuk. Me skulle nemleg besoke ein pastor som tante Unni og onkel Jacob kjenner. Me likte Phnom Penh med ein gang med kom der! travel by med smailande mennesker. Daa me kom til huset til pastoren vart med mott av mange baade unge og vaksne. Pastoren var fortsatt i kyrkja og me brukte tida paa aa bli kjent med alle der. Dei to minste barna (Sarah: 6 og Samuel: 10) var veldig flinke til aa snakke engelsk og Samuel var saa smart at han visste nok meir enn meg og Marita tilsaman! me spiste mat daa pastoren kom heim. Det var ca 13 stk som budde i huset og nokon andre var paa besok. Pastoren er ein singel mann som har adoptert nokre av barna medan nokon av dei vaksne budde der av ulike grunnar. Me fekk eit rom aa sova paa, flasker med vatn, mat og dopapir! i og med me skulle opp tidleg for aa gaa i kyrkja, la me oss ikkje alt for seint.

Dagen etter var det paa med finstasen og "tuktuka seg" til kykjes. kl 08.00 byrja sundagskulen for ulike grupper. me kom i den single gruppa! wehuu! kl 9.00 byrja gudstjenesta og kl 11 var den ferdig. det var gospel kor, velkomming til gjester (oss) og ein andakt som ingen norsk prest kunne holdt. Me drog tilbake til huset og spiste lunch. Kambodiansk mat er GODT!!! etter pakking av ting kjorte ein tuktuk oss til gjestehuset der me skulle sove neste natt. litt anna standard enn det me har blitt litt for vandt med... men morsom oppleving det og!

Gjestehuset "floating island" staar paa paaler i ei elv/vatn der det flyt bos. Me maa gaa igjennom morke smug og trange gangar til me tilslutt kjem til rommet vaart der det er varmare enn ute! vifta gaar paa full guffe, men slaar seg av dersom lyset vert slaatt av. konlkusjon: sov med lyset paa!
fleire oppdateringer kjem ettersom tida gaar! men dykk maa kommentera! ellers gaar me til streik! =)

svett klem fraa globetrottarane

1 kommentar: