tirsdag 23. februar 2010

Ein heilt ny verden

22. Februar

Dagen starta med at me blei henta av ein tuktuksjofor saa onkel og tanta til ragnhild hadde anbefalt. Han tok oss med ut til ein barneheim som var heimen til 72 ungear mellom 4mnd-18 aar, eit stykke fra storbyen.
Naar me kom inn paa omraadet der var det som aa mota ein heilt ny verden. Mange av ungane var paa skule, men nokon av dei som hadde skule paa ettermiddagen og dei aller yngste var heime. Me helsa paa bestyrarane som viste oss rondt.
Da fosta me motte va stanken av fjos som slo i mot oss naar me kom inn der dei yngste oppholdt seg. Dei laag enten i hengekoyer eller satt paa eit skittent golv og saag rett ut i lufta. Benkane dei brabba paa kan ligna dei heilt enkle skostativa me har heime laga av tre. Slike med smale treplankar med eit lite mellomrom mellom kvar. Her krabba nokon av dei minste rundt. Ingen av dei hadde bleier paa seg, saa naar nokon av di tissa, tok ein av dei som jobba der ei botte med litt vatten, skylla over og torka litt med handa si over det. Saa fjoslukta var ikkje vanskelig aa forklara. Me fekk vera med nokre jenter inn paa rommet deira, som dei viste villig fram. Det var eit rom med 4 koysenger. Detta rommet var dei 8 jenter som delte. Madrassene i sengene deira kan knapt kallas madrasser, for dei millimetaranevar ikkje mange. Men det virka som om dei trivdes der og at dei var saman med voksne som brydde seg.


Mamma og pappaen til Ragnhild hadde gitt oss pengar, saa me skulle kjopa noko til dei som dei trong.
Tuktuksjoforen vaar kjorte oss til nermaste marknad, og me byrja shoppinga.
Med god hjelp av tuktuksjoforen vaar, blei me forstaatt og endte til slutt opp med:

- 100kg ris
- 300 pakkar nudler
- 60 saaper
- 80 tannborstar
- tannkrem
- mykje frukt
- blyantar

Naar me hadde kjopt alt detta satt me igjen med ca halvparten, som me gav til bestyraren, saa han kunne formidla dei til nodvendighetar for ungane.

Naar me kom kjorande inn til barneheimen nedlassa av mat kom alle springane ut, og at nokon skulle bli saa glad, for ting me heime tar saa forgitt skulle ein nesten ikkje kunna tru paa, om ein ikkje opplev det sjolv.

Naar me reiste heim igjen til hostellet vaart var plutselig synet paa reint vatten og ei madrass aa sova paa heilt forandra.

1 kommentar:

  1. Å, det var godt å høyra at de kunne hjelpa dei litt. Vil tru det gjorde inntrykk på dåke å sjå korleis dei lever.
    Geithammaren

    SvarSlett